Tysdag inviterte Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal sine medlemmer og andre på fjelltur til Skarvan. Parkeringsplassen ved Nordviksetra var utgangspunktet for dei tjue fjellvandrarane som vart med på turen.
– Det vart rast på Perhytta der vi vart godt mottekne av verten Gunnar, fortel Lars Gudmund Røen i Fjellgruppa. Etter rasten vidare opp til toppen.
– Takk til Anna Ingeborg og Ingrid som viste oss trygg veg opp og ned, og til Gunnar som så vel tok imot «ferdafolket», avsluttar Lars Gudmund.
Fleire bilder frå Fjellgruppa sin fjelltur på tysdag ser ein nedanfor: