Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tjønnmyran – nyoppkjørte løyper!

Dordi Jorunn Halle Torsdag 17. januar 2019

Todalen idrettslag melder at det no er fine forhold i lysløypa oppå Tjønnmyrå. Det er kome godt med snø, og i løpet av dagen er det kjørt opp spor; så no ligg alt til rette for å ta ein skitur.

Her er det løyper som passar både for små og store, og i gapahuken er det fint å ta ein pause. Rundturen oppå Tjønnmyrå er på 1,6 km, stigninga er berre 40 m.

Tjønnmyran – fint område. Arkivfoto: Dordi J H

Stikk UT! Ski 2019.

Stikk UT!-kontakt i Surnadal, Norunn Holten, melder at det er opna for Stikk UT! Ski i lysløypa oppå Tjønnmyrå. Postkasse med bok og kode er på plass.

Da er det berre å ta ein skitur! Arkivfoto: Dordi J H

Dei andre Stikk UT! Ski-turane i Surnadal er:

Margretli og Garthøglia med start på frå Nordmarka idrettssenter. 

Løålikjølen – også på Nordmarka.

Holtamoen i Øvre Surnadal .

Øygardshalsen og Klåberget med start frå klubbhuset til Søya i.l. på Vang.

Sjå turane på kart her:https://loyper.net/#surnadal/13,8.64817,63.01780

 

Publisert: 17. januar 2019, 21:37