Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tiur på besøk på Myrmo…

Jon Olav Ørsal Tysdag 14. april 2015

… eller påskefugl, som vi kallar det på Myrmo, skriv Line Marie Kvendset i ein epost til Todalen.no. Ho skriv vidare: «Søndag formiddag var ungane ute på trampolina, då dei ropa om at det kom ein påskefugl (eller tiur om du vil!) nede på ekra. Om den hadde vore og vitja Lunde-gaupa er uvisst, men den kom i alle fall spankulerande oppover ekra mot huset…..

TIUR 1382

Tiuren oppheldt seg rundt husa ei lita stund, og var nærast kostaktsøkande. Foto: Jean Kvendset og Finn Ranes

Med artiklar friskt i minne om hissige tiuarar utanfor hytter og i skiløyper, beordra eg ungane motvillig opp på verandaen for å vere på litt trygg avstand. Det viste seg kanskje å være litt overhysterisk, da han var ein roleg kar som hadde rett så god tid.»

Staseleg fugl er det i allfall, og som oftast er den så sky at du berre hører at den stikk av mellom trea nå du treffer den i skogen. Men om våre hender det enkelte gong at hormonene spelar den eit puss, og plutseleg blir det heilt unormal oppførsel. Men arti er det lell å både sjå og oppleve kongen for skogsfuglane.

Tiur4

Tiuren vandra rundt midt på ekra – med Kvennsetfgardane i bakgrunnen. Foto: Jean Kvendset og Finn Ranes

Tiur2

Her sjekkar tiuren ut korleis finn ligg an med båtpussen 🙂 Foto: Jean Kvendset og Finn Ranes

 

 

 

Først publisert: 14. april 2015, 06:00 - Sist oppdatert: 13. april 2015, 22:13