Mange opplever det store sjokket som det er å miste nokon dei er glad i – enten det er ein nær venn eller nokon i familien. Kyrkjekontoret har bearbeiding av sorg på dagsorden, og laga ei brosjyre med mange gode tips som kan gjera det litt lettare å vera til stades for menneske i sorg, fortel diakon Gro Hauge Venås ved kyrkjekontoret i Surnadal.
Brosjyra er ein generell informasjon og er altså kalla for «Førstehjelp i sorg». Den inneheld generelle råd og gode tips som kan være nyttige når ein kjem i ein sorgsituasjon. I tillegg er det laga ein plakat med tittelen ønskjer du nokon å snakke med – den inneheld info om om telefonnr til kyrkjekontoret i Surnadal, og du kan spørje etter diakon eller prest. Dette er eit tilbod for alle, uansett tru, livssyn eller alder. Det er altså eit tilbud om å få nokon å snakke med.
Vil du være med i ei sorggruppe så finn du info på den andre plakaten som heiter «Hjelp i sorga». Her finn du informasjon om korleis du kan kontakte kyrkjekontoret for å bli med i ei sorggruppe i lag med andre som kan være til hjelp for kvarandre.
Her finn du info om du vil ha nokon å snakke med.
Her finn du informasjon om korleis du kan bli med i ei sorggruppe i lag med andre personar som passar saman.