Siste nytt på tippefronten er «Nabolaget», fortel Jorid Ansnes, i full gang med å henge opp plakater for å promotere den nye tippevarianten på Matkroken L. Hals. Den går i kortheit ut på at du deltar i tippinga med den adressa du er registrert på i folkeregistret – og satsar 50 kr – eller 5-vekers kupong til 250. Hovudvinnaren trekkes tilfeldig – resten av premiene går til naboene som også har spela same veka.
– Og naboene vinn meir jo nærare dei hovudvinnaren dei bur – størrelsen på premiene blir berekna etter avstanden til hovudvinnaren, baser på offisielle norske geodata. Trekning på TV2 kvar fredag. På same måten virkar det om naboen vinn, så kan du vinne – meir jo nærare du bor, dersom du har spela!