Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tipien på plass – klart for Vandrefestival

Jon Olav Ørsal Torsdag 15. august 2019

Onsdag kom tipien på plass i arboretet, og dermed er det «synlege beviset» på Norsk Vandrefestival klart til bruk. Startskotet for Vandrefestivalen går fredag kveld, men det skjer i Slettneset på Nordvik, der det arrangeres konsertar – først med Tea Megaard og så med Anders Jektvik med band. I Slettneset opnar portane kl 20, medan konsertane startar kl 22, og arrangøren rapporterer om godt førehandsal av billettar så langt.

Katarina Wedelsbäck Bladh og Ola Bruset ved Svinviks arboret monterer veggar på tipien. Foto: Jon Olav Ørsal

Fredag er det meir variert program, men vi kan nemne «Historisk vandring» med Oddvar Mikkelsen og omvisning i arboretet som startar kl 13 og  «Mat fra skogen» – foredrag med Kirsten Winge i festivaltipien kl 14.  Elles er det fleire familie og barneaktivitetar som startar kl 13 og som er gratis.  Frå kl 17.30 startar festaften og bl.a. utdeling av prisen «Årets vandrar»  Vidare utover kvelden er det konsertar ved tipien i arboretet – først med Øyvind Hassel Weiseth kl 18.00 og så med Frode Alnæs og Sondre Meisfjord kl 19.00

Heile programmet for Vandrefestivalen 2019 finn du her, og billettar kan du kjøpe her!

Lossing av utstyr til tipien som skal monterast i arboretet – Gøran Bolme og Ola Bruset. Foto: Jon Olav Ørsal

Tipien vart ferdig montert onsdag i kveldinga – fredag blir det nok mykje folk her, med program heile dagen og konsertar om kvelden. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 15. august 2019, 08:12