Det er Tinde Sparebank, som gjennom Surnadal Demensforening og helselag har bidrege med ei gåve på 100.000, som har gjort det muleg i investere i ein Tovertafel til sjukeheimen.
Kva er så ein Tovertafel – jau, det er eit unikt produkt som er utvikla for å stimulere og aktivisere eldre personar, slik at deira kvardag får meir innhald. – Tovertafel har ei mengde spesialutvikla interaktive spel som i kraft av si enkelheit bidrar til sosial integrasjon og hyggelege samlingsstunder rundt bordet. (wikipedia). Enklare sagt er det eit aktivitetsbord med mange moglegheiter til aktivitetar – vi fekk demonstrer korleis nokre aktivitetar virka. – Eksempelvis sølvpussing, fargelegging av teikningar, kortspel – forskjellige program kan ein velje med ei fjernkontroll.

Slik ser boksen som er monterti taket over bordet – den lyser ned på bordet og blir påvirka av aktivitet på bordet. Foto Jon Olav Ørsal
Mette Helen Mikkelsen som er avdelingsbanksjef hos Tinde Sparebank i Surnadal er imponert over gjengen i Surnadal demensforening og helselag, som står på for bebuarane på sjukeheimen. Ho var ikkje i tvil da søknaden kom, og dermed var apparatet fullfinansiert. – Vi er jammen heldige som får nyte godt av slike gåver, sa Jenny Nordheim som er einingsleiar ved Surnadal sjukeheim.



