Vi har fått informasjon frå Surnadal Kommune om tiltak som er sett i verk etter raset. I dag er det informasjonsmøte på Talgø kl. 14.00, og vi kjem tilbake med meir informasjon etter det. Vi refererer frå Surnadal Kommune nedanfor:
Surnadal kommune har i samarbeid med Statens vegvesen, Svorka, politi og andre instansar gjort følgjande tiltak:
- Telefon: NetCom og Telenor er i drift
- Strøm: Aggregat er under montering og arbeid med sjøkabel har starta opp
- Persontransport: Det vert sett opp båt i løpet av dagen. Tidspunkt vil bli opplyst på folkemøte i dag kl 14:00
- Biltransport: Mobil fergekai og ferge vil bli satt opp så fort som råd og innan to veker. I mellomtida vil ein prøve få til provisorisk løysing med lekter for naudsynte oppdrag. Dette gjeld varetransport.
For meir informasjon: Folkemøte i dag 01. august kl 14:00 på Talgø
http://www.surnadal.kommune.no
http://www.todalen.no
Teknisk vakt kan nås på telefon 41635388
Håvard Halset på 40233465
Arnt Ivar Brøndbo på 92248214
Karin Halle på 41619200
Oppdatert: Organisert skyss med båt kjem ikke på plass før fredag. Vi kjem tilbake med meir informasjon når det foreligger. Nytt informasjonsmøte blir fredag kl 14.00, stad er ikke klart. Svorka håpar å få på plass straum til midnatt, men kan ikkje gi nokon garantiar.