Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tilskottsordningar – kultur

Elinor Bolme Måndag 5. mars 2018

Surnadal kommune, kultureininga, vil gjera kjent desse tilskottsordningane for første halvår 2018:

Søknadsfrist er 15. mars for:

  • leige av Øye Stadion vår og haust 2018 (skjema KF 291)
    https://skjema.kf.no/FormsEngine/?wizardId=766&externalId=1566
  • Kulturtilskott (til prosjekt, og ikkje til vanleg drift av lag). To søknadsfristar i året; den andre er 15.09. (skjema KF 136 / kulturarr.) Det ligg 24 000 kroner i den potten for vårsemesteret.

https://skjema.kf.no/FormsEngine/?wizardId=229&externalId=1566

Søknadsfrist er 15. april for:

  • leige av gymsalar, hall og svømmehall for det kommande skuleåret (skjema KF-291)

https://skjema.kf.no/FormsEngine/?wizardId=766&externalId=1566

  • Kleivafondet (til kulturelle og lokalhistoriske prosjekt; ikkje driftstiltak). Ikkje eige søknadsskjema, send inn omtale og budsjett til Surnadal kommune (Bårdshaugv. 1, 6650) eller til post@surnadal.kommune.no.
  • Kleivaprisen: send inn framlegg til Surnadal kommune på kandidatar, med grunngjeving, som gjer ein særleg innsats for det lokale kulturliv og/eller bygdesoge på frivillig basis (same adresse som over)

Søknadsfrist er 30. april for:

  • Frivillige lag og organisasjonar og forsamlingshus som skal søkje om kulturmidlar og oppstartingstilskot (skjema KF 402 / kulturmidlar)Kulturmidlane er fordelt slik: Idretts- og skytterlag – 200 000, Song- og musikklag – 60 000, andre lag og organisasjonar – 50 000 kroner.

https://skjema.kf.no/FormsEngine/?wizardId=1492&externalId=1566

  • utbetring av ball- og leikeplassar (KF 466 / Lekeplass)Det er sett av kr. 20 000 til fordeling på dette området i år.

https://skjema.kf.no/FormsEngine/?wizardId=2639&externalId=1566

Ta kontakt med kulturavdelinga om de planlegg nyanlegg eller rehabilitering av anlegg som kan få spelemidlar – helst tidlegast muleg i prosessen, søknadsfrist til kommunen er seinast 15. oktober.

Du finn alle skjema tilgjengeleg for utfylling på www.surnadal.kommune.no. Ta gjerne kontakt med kultureininga (911 12 416) om de møter problem med dette eller har spørsmål.

Først publisert: 5. mars 2018, 06:00 - Sist oppdatert: 4. mars 2018, 21:37