Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tilskott til kulturprosjekt og anlegg

Elinor Bolme Laurdag 30. september 2017

Lag, forsamlingshus og andre som har tenkt å søkje om spelemidlar til bygging eller rehabilitering av hus eller anlegg i denne søknadsrunden, ta kontakt med kultureininga før 15. oktober.

  1. oktober er også søknadsfrist for:
  • Kulturtilskott (til prosjekt innafor heile kulturområdet og ikkje til vanleg drift av lag). To søknadsfristar i året; den andre er på seinvinteren. Elektronisk søknadsskjema (på nettsida www.surnadal.kommune.no)
  • Aktivitetar spesielt retta mot barn og unge (til prosjekt, ikkje drift av lag). Også berre to søknadsfristar i året. Elektronisk søknadsskjema.

Bruk søknadsskjemaet «søknad om tilskot til kulturarrangement». Venlegst kontakt kultureininga om du har spørsmål om noko av dette (tlf. Surnadal kommune: 716 55 800).

Haustmøtet for laga i Surnadal

Kultureininga vil informere laga om tilskottsordningar m.m. torsdag 19. oktober kl. 1900.

Forutan å informere om kommunale tilskottsordningar, vil ein også ta for seg endringar i spelemiddelordninga (t.d. nybygg eller rehabilitering av idretts- og friluftslivanlegg). 

Siri Skjerve vil fortelje om «Huset i bygda», eit prosjekt som skal bidra til å løfte opp bruken av forsamlingshusa i kommunane. Ho vil også kome inn på mulege tilskott til forsamlingshus.

Det vil bli presentert gode eksempel på kva ein kan få til med både spelemidlar til idretten/friluftslivet og drift av forsamlingshus. Elles er det opning for andre tema. Møtet vil bli halde i Kammerset (kinosalen) i kulturhuset.

 

Publisert: 30. september 2017, 08:59