Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tilskotsordningar Surnadal

Steinar Hasselø, Surnadal kommune Onsdag 8. april 2020

Surnadal kommune har nokre faste tilskotsordningar for lag, og andre, som driv innafor kulturområdet. Desse har vore kunngjort før, men sia det er andre ting som, naturleg nok, har stole merksemda i det siste, kjem det ei påminning her:
Frist er 15. april for:
• støtte frå Kleivafondet
• framlegg på kandidatar til Kleivaprisen

Kleivafondet skal «fremja kulturelle og lokalhistoriske føremål innafor kommunen, unnateke stjerneidrett og fotball».
Kleivaprisen skal gå til nokon som på frivillig basis gjer ein særleg innsats for det lokale kulturlivet og/eller bygdesoge.
Søknad på Kleivafondet og framlegg på kandidatar må sendast til post@surnadal.kommune.no eller Surnadal kommune, Bårdshaugv. 1, 6650 Surnadal.
Søknadsfrist er 30. april for:
• lag og forsamlingshus som skal søkje om kulturmidlar, oppstartingstilskot og utbetring av ball- og leikeplassar
• leige av gymsalar, hall og svømmehall for det komande skuleåret
Bruk elektronisk søknadsskjema på nettsida surnadal.kommune.no. Du finn skjema for dei ulike tilskotsordningane her:

https://www.surnadal.kommune.no/skjema/
Ein minner også om at det finst fleire andre tilskotsordningar som kulturlivet i Surnadal kan søkje på, i tillegg til lokale bedrifter sine gåvetildelingar. Gå t.d. inn på frifond.no og mrfylke.no og sjå om det er nokre ordningar der som kan vere aktuelle.

Publisert: 8. april 2020, 17:00