Bufdir har no opna for søknader om tilskot til inkludering av barn og unge for 2025.
Ein finn meir informasjon om tilskotsordninga og søknadsprosessen på bufdir.no/tilskudd/inkludering-av-barn-og-unge/
Målet med tilskotsordninga er å legge til rette for at alle barn og unge skal ha moglegheit til meistring og samfunnsdeltaking.
Tilskotsordninga skal også bidra til utvikling av møteplassar, deltaking p ferie- og friditsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp. Målgruppa er barn og unge i alderen frå 0 til og med 24 år som av ulike årsaker står i fare for å hamne i «utanforskap».
Kven kan søke:
- Offentlige instansar
- Frivillige organisasjonar
- Private aktørar
Frist for å søke om midlar for 2025 er sett til 1. november. Frivillige organisasjonar og private aktørar skal nytte finn rett søknadsskjema her.
Det er viktig å lese rettleiinga godt, slik at ein fyller ut søknaden rett.