Da er det klart kven som blir dei første vinnarane i TILs Julekalender 2024. Første dag er det 4 gevinstar som skal skifte eigar, og Jorunn Nordvik er først ute som vinnar av ei julestjerne som er produsert i MøreRoyal og som har innlagt lys.
Gevinst nr 2 er ei strikkalue som går til Solveig Søvik
medan gevinst nr 3 er ein pose tennbrikkettar som går til Bjørn Hauglann.
Dagens 4. gevinst, som er eit heve/bakepledd, går også til Kvennset, der Ingeborg Talgø er den heldige vinnaren.
Vi gratulerer alle vinnarane og bekreftar at alle vinnarane blir kontakta av TIL trim for avtale om levering av gevinsten. Neste trekning kjem alt i morgon tidleg, så her er det berre å følge med!