Måndag vart det montert nytt tilbygg på hytta til Gudmund og Wenche Kvendset på Kårvatn – nytt tømmerbygg som er levert av Handlafter’n Odd Magnar Gjeldnes. Ved hjelp av kranbil og sterke karar kom tilbygget på rundt 40m2 på plass i løpet av måndagen og var klart til tekkjing da vi stakk innom i skyminga måndag ettermiddag.
Hytta er lafta saman i fabrikken i Øvre Surnadal, og vart frakta til byggeplassen i Dalalia på Kårvatn med kranbil. Stokk for stokk vart hytta montert, og etter kvart er altså råbygget klart for innreiing. Da vi dro derfrå var det klart for tekkjing av tilbygget.
Todalstømmer i bygget
Odd Magnar fortel at det er bruka tømmer frå Talgø MøreTre/Ansnessaga i hytta. Det er faktisk dei siste stokkane eg finn frå Ansnessaga som er bruka på denne hytta og vi ser at det er tømmer av høg kvalitet som er bruka. Stokkane har ligge til tørk i fabrikken i Øvre Surnadal, men no er siste rest oppbruka, fortel Gjeldnes.