Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tilbake til røtene i Talgøtrøa

Jon Olav Ørsal Sundag 25. mai 2025

Dei siste dagane har familien Shade frå Michigan vore på gamle tomter i Todalen. Med Todalshytta som base og Ragnar Halle som kjentmann og omvisar har dei vore rundt og gjort seg kjent i Todalen. Mellom anna har dei vore innom Talgøtrøa, som er staden som Talgøyfamilien tok avskjed med da dei flytta til Eide.  Bestefaren til Gregory, var fødd i 1877 i TalgøTrøa, og reiste vidare frå Eide til Michiganområdet i 1903 – da var han 26 år gamal.

Gregory Shade besøker Talgøtrøa – no er det berre novsteinen att av huset der dei budde. Foto Ragnar Halle

Mora til Gregory, Mildrid,  var født Talgøy og ho danna familie med faren Gerald Shade – slik kom altså familienamnet Shade inn.  Gregory er no her saman med kona Linda og borna Daniel, Benjamin og Nicholas – alle med etternamn Shade.  På Todalshytta trefte dei og slekningar frå Meisingset Nils Olav Talgøy og Ola Talgøy.  Her vart det sjølvsagt diskusjon om slektskap og korleis dei var i slekt.  Da var den nye bygdeboka for god å ha for å finne dokumentasjon på korleis slektskapet heng i hop. 

På Todalshytta trefte Gregory Shade slekt frå Talgøtrøa – Nils Olav Talgøy og Ola Talgøy – Ragnar Halle har vore guide og omvisar under opphaldet i Todalen. Foto Jon Olav Ørsal

Til Todalen kom dei via Voss der sonen har gått på folkehøgskule det siste året.  Elles fekk dei oppleve grunnlovsdagen 17. mai i hovudstaden. Sia har reisa gått litt rundt omkring og no er dei altså hamna tilbake til røtene i Todalen.  Derifra går turen vidare til Gran i Hadeland, der Gregory var utvekslingsstudent i sin ungdom.  Sidan går turen vidare til USA og heim til Michigan.  

Eit lite bildegalleri frå Amerikabesøket i Talgøtrøa i dag  

Først publisert: 25. mai 2025, 04:00 - Sist oppdatert: 24. mai 2025, 16:46