Fredag var Karen Oddny Gravvold og Blomstermakeriet Orkideen på plass i ny butikk på Skei. Vi har fått plass midt i smørauge på Skei, der den gamle meieributikken låg ved sida av Kløverstua. Karen Oddny dreiv mange år med blomsterbutikk i miljøgata, før ho flytta heim til Rognpilvegen i 2018, og har drive blomstersal i ei brakke i hagen fram til no.
No er ho altså tilbake på Skei og har med seg Olena Vashkeba som er tilsett på heiltid og Linda Strand som er deltid/tilkallingshjelp. Og sjølvsagt er ektemannen Sigfred Gravvold med som medeigar og «åfåttkaill», som han titulerer seg sjølv.
Karen Oddny er glad for at ho er på plass i butikken igjen, og skryten av gjengen sin som har stått på for å få alt klart til opninga. Sigfred har halde på med snekkering i fleire månader, og har laga ei flott og heimekoseleg innreiing som vi er godt nøgd med, seier ho.
Vi har vorte vant til å ta i mot bestillingar til alle døgnets tider, og det vi vi fortsette med, for vårt slagord gjeld framleis – service, kvalitet og rimelege prisar. I tillegg til blomsterrelaterte varer har ho satsa på handlaga sjokolade frå Jentene på tunet i Selbu og kortreist sider frå Strupstad på Tingvoll.
Du legg kanskje merke til at vi enno ikkje har pynta butikken til jul, men først skal vi no laga litt adventstemning, før vi får på plass julepynten og juleblomstane