Torsdag den 6. august var stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag på tur til Sjøasetervatnet. Tor Magne Halset hadde ordna med skyss, og han var sjølv sjåfør på bussen og fortalde heile vegen om plassane vi køyrde forbi, ma. om fiske i Karlvika og om opphavet til Eilertholet.
Torild hadde drege opp på hytta i førevegen og tok imot oss oss da vi kom fram til ”brua” straks før vi nådde hytta. Framme ved hytta skunda ho seg staks inn og kom ut att med kaffe og ei kjempegod sjokoladekake og spanderte på oss alle saman. Etter kaffepausen valde ein del å bli sitjande og nyte sola i det fine vêret, medan andre gjekk bort til Sjøasetervatnet, besøkte hytta til Lisbet og Andreas Holten eller tok ein tur opp på Bollåthaugen. Alle fekk vi ein kjempedag! Tusen takk til både Torild og Tor Magne for at de gav oss ein så vellukka stavgangtur!
Neste torsdag, den 13. august, møter vi ved Kulturhuset på Skei kl. 8.30 og køyrer til hytta til Olina Halle ved Tovatna i Storlidalen. Middag får vi på hytta, men ta med niste til kaffepausane og sitteunderlag. Fotty: Joggesko.
Bildegalleri frå stavgangturen til Sjøasetervatnet – foto Vidar Sogge og Reidar Østvik