Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Til Nordmarka og Krokvassdalen på stavgangtur

Jon Olav Ørsal Fredag 28. august 2015

Sist torsdag hadde stavgangruppa i Surnadal pensjonistlag lagt turen til Nordmarka og Krokvassdalen.  Dei trossa vêrmeldinga som varsla om regn og det viste seg å være lurt, for det vart prima turvêr på gjengen. 16 deltakarar dro i veg frå parkeringsplassen, forbi Austergarden og til Midtgarden. Der fekk dei ei overrasking….

Gunnveig Aune var på hytta, og hadde nemleg stekt hyllkake til kaffen for heile gjengen da dei kom fram. Kjentmann og turleiar på turen til Krokvassdalen var Per Bruset.

Bildegalleri frå turen til Krokvassdalen.   Alle foto: Sigrun Ørsal

 

Publisert: 28. august 2015, 19:38