Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Til Nordmarka og hyttebesøk hos Ingolf

Jon Olav Ørsal Laurdag 23. august 2014

Torsdag 21. august møttest 26 stavgangarar frå Surnadal Pensjonistlag på Nordsida av Dønnembrua, køyrde opp Dalseggvegen og parkerte i nærleiken av hytta til Ingolf Dønnem. Marsjruta var utover Nordmarka til Krokvatnet, og merkeleg nok heldt vêret seg til vi mest var komne attende til hytta før dei første regndropane dala ned i hovudet på oss. No var det tid til å finna fram nista , og medan ein del valde å gå inn i den varme hytta eller Kårstua, valde andre å sitte på ein av dei store verandane.

283

Heile ”gjengen” samla framfor Kårstua før vi tek på heimtur. Foto: Vidar Sogge

Trass i utrygt vêr med skodde langt nedover dalsidene, var det 26 deltakarar som møtte på denne turen. Godt gjort med dei vêrmeldingane! Men alle visste nok at når vi skulle til Ingolf Dønnem, var det ingen grunn til å vera redd for at det skulle bli kaldt. Som vanleg hadde han alt fyra i fleire timar både i hytta og Kårstua før vi kom, så det var ingen grunn til å frysa om vi skulle bli våte.

Takk til Ingolf Dønnem, som tok imot oss i den flotte, romslege hytta si på Austre Nordmarka og til kjentmannen John Dønheim, som fortalde om alle dei stadene vi passerte på turen.

Neste veke går turen til Vindøldalen. Vi møtest på Holtamoen kl. 13.00, betalar bompengar (60 kr) og samlast i færrast muleg bilar før vi køyrer opp til Vindøldalen og hytta til Randi og Vidar Sogge. Hytta blir utgangspunktet for turen, og maten tek vi på hytta.

Bildegalleri fra turen til Nordmarka og hyttebesøk hos Ingolf Dønnem.   Foto: Vidar og Randi Sogge

 

Publisert: 23. august 2014, 08:23