Torsdag drog stavgangruppa til fjells – nærare bestemt til Folldalen og hadde Gråsjøhytta til base. Med 23-24 varmegrader i skuggen var det godt å kome seg til fjells, og nyte sola og finvêret og det var eit trettitals deltakarar som sjølvsagt bruka bilskyss opp til Gråsjøhytta. Derifrå var det lagt opp til fottur eit par kilometer innover til tunnelutløpet som kjem frå Vindøldalen.
Trollheim kraftverk samlar nemleg vatn frå Fagerlidalen, Vassdalen og Skarpdalen som går i tunell under Breiskaret og kjem fram att her og renn ut i Gråsjøen. Derifrå blir det først produsert straum i kraftverket nedafor Gråsjødammen og deretter frå Follsjødammen i kraftverket på Harrang.
Sigrun Ørsal har sørga for fine bilder frå Folldalsturen, som du kan sjå i galleriet nedafor.