Denne veka gikk pensjonistlaget stavgangtur til Todalen. Det var oppmøte på Gammelfabrikken, og så gikk turen opp Falla og vidare til Tjønnmyra, der den store og flotte gapahuken vekte stor oppmerksomheit.
Her vart det ein liten pause før tilbaketuren, og med nokre regndråpar var det fint å kome under tak i den nye gapahuken som husa heile følget på over førti personar. Så gikk turen attende til Gammelfabrikken, der Talgø inviterte inn i storpeisestua, og serverte kaffe og konfekt til heile følget.
Bildegalleri frå turen til Tjønnmyra og fra kaffepausen på gammelfabrikken. Foto Sigrun Ørsal og Jon Olav Ørsal