Torsdag var stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag samla i Stangvik. Heile gjengen vart skyssa med bil oppover til bøkeskogen og gapahuken – sam da var utgangspunkt for spaserturen som gikk vidare oppover skogsvegen som går utover til Storsetra og enda litt til.
Etter på var det samling på Svissholmen der det vart ein lang og god kaffepause i det flotte anlegget. Turen til Stangvika og bøkeskogen samla rundt 35 deltakarar.
Neste torsdag er det tur til Leikaren, og da er det samling ved Mogstad til vanleg tid kl 11.00.
Nedafor finn du eit bildegalleri fra stavgangturen til bøkeskogen. Alle foto: Sigrun Ørsal