Nå er det fine tilhøve dersom du likar å ta korte eller lange fjellturar. Søndag tok Jon Bruset turen til Tristeinan og Bjøråskaret, og han rapporterer det no er tørt å fint å gå i fjellet og fine tilhøve om du også vil ta med telt og sovepose for å overnatte i fjellet. Han oppfordrar også til å ta med moltespann…

Ved bjøråskarsvatnet er det høve til å ta seg ei dukkert, dersom det er behov for litt nedkjøling etter turen opp Midtryggjen. Foto: Jon Bruset
…for det teiknar til å bli eit molteår i overkant av det normale, skriv han i ein e-post til redaksjonen i Todalen.no. Da er det berre å hugse på å ta med nok drikke og smoltespann og dra på fjelltur. Vêrmeldinga ser også bra ut dei næraste dagane, men yr.no har nok moderert seg litt i høve til meldinga dei la ut i går.

Utsikt frå Bjøråskaret mot innerdalsfjella og Giklingdalen midt i bildet. Klikk på bildet så får du sjå det i større format. Foto: Jon Bruset