Søndag ettermiddag var Todalen ungdomshus rigga for TIL-basar, med både basarbord, barnebord, pilkasting og sal av bakels og graut til kaffen. Den store stemninga er kanskje ikkje til stades på basarane lenger, med disto større er førehandssalet som går føre seg på Matkroken – og sjølvsagt med bruk av Vipps. Vi bør vel seie at nye tider krev nye løysingar, og godta denne endringa, for til denne basaren kom det inn 21.950 på førehandssalet – medan det totalt kom det inn litt over 30.000. Så bygdefolket er da rause til å støtte lag og foreningar. Så får vi berre godta at noko av den gamle «basarstemninga» kjem bort og at dei sosiale treffpunkta blir forandra og skjer på telefon.
Men vi som var der hadde ei triveleg stund, og det var da spennande som vanleg når vi kom til trekkjinga og gevinstane skulle fordelast. På basaren vart det også delt ut premiar for «Turar i Todalen» – det nye digitale trimopplegget som no har gått eit heilt år. I løpet av dette året er det registrert 13 817 trimturar totalt. Dette er fordelt på 138 deltakarar og 27 så det er ein formiddabel innsats som er gjort av bygdas trimmarar. Søndag kveld vart dei premiert – både dei med flest turar og dei som har vore på alle 27 turmåla. I tillegg vart det trekt ut 5 personar frå tilfeldige turar.
Premieutdeling var det også for friidrettsaktivitetane (lagseriestemna) som har vore på Bordholmen i sommar. Her var det flotte pokalar til den enkelte deltakar. Når det gjelder barn i løpa for siste sesong så vil premiar bli delt ut ved eit seinare høve.
Her har vi lagt ut den komplette trekningslista fra basaren:
Litt statistikk – her kan du sjå deltakarar med flest turmå og flest trimturar :
Deltakarar med flest besøk totalt