Sjølv om det enno er to månader til vi skal feire julekveld, så er det iallfall tid for å førebu TIL Trim sin adventkalender. Trimgruppa vidarefører fjorårets populære sal av adventskalendrar, der trekning av kortreiste gevinstar var ein ubetinga suksess. – Den slo så godt an at trimgruppa har bestemt at dei skal køyre same opplegg i år, fortel Sissel Halset Storslett som er leiar i Trimgruppa.

Blidspente lotterifolk som er klare for ein ny runde med adventskalendrar. Fredag 1. november startar salet – da bør du ha vippsen klar :-). Arkivfoto: Jon Olav Ørsal
Opplegget er enkelt, for du kjøper «lodd» for kr 100 pr stk., og du er med på trekningane kvar dag og på alle gevinstane. Kor mange gevinstar som blir med i lotteriet, det bestemmer gjevarane av gevinstane – i fjor vart det både 2, 3 og 4 gevinstar pr dag. Det blir iallfall minst ein gevinst pr dag. Gevinstane blir som sagt trekt kvar dag, og vinnarane blir annonsert på Todalen.no – dag for dag, heilt fram til julaftan.
Vil du være med og «donere» ein eller fleire heimlaga gevinstar av eit eller anna slag, så er det berre å ta kontakt med Anita, Lars, Torill eller Sissel i Trimgruppa for å avtale detaljar som henting/levering osv.
Så er det berre å ha Vippsen klar til salet av adventskalendrar startar den 1. november – blir du med vidare?