Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tidleg vårløysing på gang?

Jon Olav Ørsal Torsdag 16. januar 2025

Mildvêret og regnet denne veka har mesta gjort kol på snøen og isen –  utover stranda var Veidekke og Ranes Maskin føre var, og laga plass til isen i veggrøfta.  No har det meste av isen kome ned, og det meste har smelta bort etter fleire dagar der vi til og med har sett 10-talet på gradstokken.

Det meste av isen er kome i veggrøfta – mykje har smelta bort. Foto Jon Olav Ørsal

Sjølv om det meste av isen er borte så er det framleis lurt å kjøre forsiktig når deu ferdast etter vegane – Hjortfaren er framleis like stor, og seinast ondag var det påkjørsel av hjort i Svinvika. Det er all grunn til å vise stor forsiktigheit når du ferdast etter vegane.

Ein stor kronhjort som kryssa vegen i Husby-Evja for nokre dagar sia. Foto Jon Olav Ørsal

Hjorten kjem fort og det er mange av dei så det lønner seg å ta det med ro og sjekke om det er hjort som oppheld seg rundt vegkantane. 

posten kom trygt inn til Todalen denne dagen. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 16. januar 2025, 14:31