Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tida leger alle sår

Jon Olav Ørsal Onsdag 21. oktober 2015

Ja den gjer nok det, men enkelte plassar tek det lang tid. Slik som foreksempel på Ørsalmyrane og over Veltet, der kan ein enno sjå spora etter beltebilane som frakta opp materialar og utstyr til byggjinga av kraftlina som går mellom Auraverket på Sunndalsøra til Ranes. Denne kraftlinja vart bygd i perioden 1951 til 1953, og transport av sement og stålmaterialar gikk med taubane frå Todalen og opp på brona, og vidare innover fellet med beltebilar.

IMGP7820

Isolatorar til kraftlina. Kanskje dei ventar på helikopter eller skuterføre ved Skihytta? Foto: Jon Bruset

Beltebilane var etterlatenskaper frå krigens dager, og tidlegare var det lett å sjå spora som gikk innover fjellet ved linjetraseen. Mange plassar er spora no grodd igjen, men vi ser at det tek tid før alle spor er borte, sjølv etter over 60 år.  Seinare er det bruka mykje snøskuter når det har vore behov for vedlikehal og no foregår nok transporten mest med helikopter – både ved bygging av nye linjer og til vedlikehald av linjene. Du kan lese meir om bygginga av kraftlinja over fjellet i årsskrift nr 7 (2008) frå Todalen historielag.

 

Publisert: 21. oktober 2015, 16:00