I føremiddag var det samling rundt kaffebordet i Pestu-fjøset, og tilhørande marsipankake til 10-kaffen. – Det måtte markerast at det var presis 1 år sia dei første kyrne vart flytta fra fellesfjøset i Ørsalbukta og til det nye mjølkefjøset i Pestua, som stod klart med to mjølkerobotar.
Det var knytta stor spenning til overgangen til robotmjølking og lausdrift, men det det gikk mykje betre enn vi trudde, seier Ståle Ansnes og Anders A. Karlsen som står attafor Todalen Mjølk. På nokre få desemberdagar kom det inn fleire buskapar og fylte etter kvart opp det nye mjølkefjsøset som har plass til over hundre kyr. Og no er dei godt i gang med å fylle kvoten på 900.000 liter for 2016 – det ser faktisk ut for at vi treffer ganske bra, konkluderer dei to. Det første året har da gått som planlagt på alle vis – og kanskje enda betre, seier dei to som er godt nøgde med både utstyr og buskap så langt.