Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tid for vårdugnad på kyrkjegarden…

Jon Olav Ørsal Sundag 28. april 2024

Vi går våren i møte, og snart er det konfirmasjon, 17. mai – og pinse.  Før desse høgtidsdagane og før sommaren kjem for fullt, må det ryddast på kyrkjegarden og soknerådet inviterer difor til dugnad torsdag 2. mai, med start kl 18:00

Vi skal rake, rydde, og rette opp støtter og liknande.  Kyrkjetenar er med å hjelper til. Det bruker å bli ein triveleg dag, samstundes som kyrkjegarden vert fin. Ta med rive eller anna høveleg reiskap.  Soknerådet serverer dugnadskaffe!

Alle er velkomne til å bli med!

 

Først publisert: 28. april 2024, 18:00 - Sist oppdatert: 2. mai 2024, 19:03