Vi går våren i møte, og snart er det konfirmasjon, 17. mai – og pinse. Før desse høgtidsdagane og før sommaren kjem for fullt, må det ryddast på kyrkjegarden og soknerådet inviterer difor til dugnad torsdag 2. mai, med start kl 18:00
Vi skal rake, rydde, og rette opp støtter og liknande. Kyrkjetenar er med å hjelper til. Det bruker å bli ein triveleg dag, samstundes som kyrkjegarden vert fin. Ta med rive eller anna høveleg reiskap. Soknerådet serverer dugnadskaffe!
Alle er velkomne til å bli med!