Eit sikkert vårteikn er Sanitetskvinnenes sal av maiblomster. I dag var May Elisabeth Holten på plass utafor Matkroken, der ho bydde fram fleire typar maiblomster. På biletet er det Marit S. Søyset som er kunde og sikrar seg maiblomster både til bilen og til jakkeslaget.
Sanitetskvinnene har solgt maiblomster sidan 1909, og har gjennom åra skaffa over 200 millionar kroner til inntekt for folkehelsa. No går inntektene til arbeid for barn og unge i landets 650 sanitetsforeningar, står det på NKS nettsider.