All slått er tidleg i år – faktisk eit par veker tidlegare enn normalt. Det gjeld også kanstslåtten langs våre fylkesvegar – både innover til Todalen og rundt bygda.
Det er Frisvoll Veidrift frå Eresfjorden som sørger for kantslåtten der det er rekkver/glidekantar. Dei har spesialutstyr fpr å slå rundt pålane, fortel Kjartan frå Frisvoll, som skal slå der det er rekkverk både her i Todalen og resten av regionen der Frisvoll har avtale med Veidekke.

Utstyret som Frisvoll brukar er tilpassa slåttaarbeid der det er rekkverk/glidekantar. Foto Jon Olav Ørsal
Resten av kantslåtten skal Veidekke sørge for sjølve, og dei er også komne i gang med slåtten. Vår oppfordring er å køyre forsiktig og ta hensyn til at det er slåttafolk på vegane no utover.