Veidekke som har ansvaret for vedlikehald av fylkesvegane, driv no med andre runde med kantslått. Først ute er vegen inn til Todalen, så vil det veg etter kvart bli vegane rundt bygda som får ein «stuss».

Her kjem krattskogen heilt inntil brua – rett nok har du som kjem over brua vikeplikt for trafikken frå Todalsøra. Foto jon Olav Ørsal
Det er forresten ikkje berre gras og planter som treng litt stussing. Det har etter kvart vorte mykje kratt og buskas langs vegkantane – vi stoppa på Halsabrua og tok eit par-tre bilder som eksempel. Når du kjem over Halsabru så kjem både trafikken frå Todalsøra og frå Ørsalbukta fort på, med krattskag tett inn til brua. Etter vår meining er det behov for å rydde unna litt kratt og opne opp slik at du får betre oversikt.