Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tid for innhausting av hagebær

Jon Olav Ørsal Tysdag 16. juli 2024

Det langvariege finvêret vi hadde i mai sette fart på modninga av hagebæra i våre hagar.  Dei siste dagane har både hagebringebæra og villbringebære kome for fullt, og er no klare for innhausting.

Rips med sukker og vaniljesaus er da slett ikkje verst. Foto Jon Olav Ørsal

Det same gjelder ripsbæra som også har vorte raud og fin, og er klare til å nytast med litt sukker og vaniljesaus.  Når det gjelder skogsbær så er også blåbære klar for innhausting enkelte plassar, og det blir meldt om bra kvalitet på blåbæra. 

Når det gjeld vêret så er det kanskje litt usikkert med innhaustingsvêret – tysdag er det meldt om lyn og torden utpå ettermiddagen, og det er utrygt for litt nedbør utover veka og mot helga.  Vêrmeldinga frå YR.NO kan du sjå her.  

Publisert: 16. juli 2024, 10:02