No er vi inne i ei tradisjonell basartid. Først ut i vårt område er Todalen sanitetsforening med basaren sin allerede førstkommande søndag i Sanitetshuset. Her bli det både dagens bord, barnebord og åresalg. Dei spanderer som vanleg kaffe med noko attåt.
Deretter er det observert at IL Søya arrangerer sin fotballbasar i Myrvang 11. november. Dei deler nok også i år ut deltakarpremiar til dei yngste fotballspelarane som har vore delaktige denne sesongen, både frå Todalen og Søya.
Og heilt til slutt dreg Ski- og friidrettgruppa i lag med Trimgruppa og arrangerer sin basar 17. november. Begge gruppene vil her dele ut utmerkelser, med basarbord, åresalg og pilkast. Her blir det salg av kaffe med noko attåt.