Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tid for asfaltlegging…

Jon Olav Ørsal Onsdag 6. august 2014

Veidekke er no i full gang med asfaltlegging frå Åsskard til Bæverfjorden, og det er jammen på tide etter at trafikkantane i fleire år har kjørt på eit asfaltdekke som er meir enn utslite. Nærare bestemt så skal det leggjast nytt dekke frå stigninga opp mot Nordmarka og utover til Åsskard – til stigninga opp mot Åsskardhøgda.

På denne strekninga er trafikken regulert med følgjebil, og det må påreknast litt ventetid mellom kvar «slepping». Så skal du uti «fysnin» er det nok lurast å bruke Kvennaferga i denne anleggsperioden.

Strekninga frå Nordvik og innover til Todalen har også venta på nytt slitelag – her må vi nok pårekne å vente enno ei stund etter som det ikkje føreligg nokon asfaltplaner her for 2014. Når det kan bli aktuelt er det ingen som kan svare på.  Vi kan ikkje tru at vi bor i verdas rikaste land!

Publisert: 6. august 2014, 17:37