Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tid for å søke om kulturmidlar og andre tilskot

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 10. april 2024

Kultureininga i Surnadal kommune har fire ordningar med søknadsfrist no 30. april. Dette gjeld kulturmidlar til lag og forsamlingshus, leige av gymsalar, hall og symjehall, tilskot til leikeplassar og tilskot til 17. maifeiringa. 

Lag og forsamlingshus som skal søke om kulturmidlar. Merk at det i år er sett av langt meir til rehabilitering av forsamlingshus, samanlikna med tidlegare år. Søknadsskjema for kulturmidlar for lag og forsamlingshus

Fast, regelmessig leige av gymsalar, hall og symjehall for det komande skuleåret. Søknadsskjema gymsal- /hall- og symjehalleige  

Tilskot til leikeplassar. Søknadsskjema for tilskot til leikeplassar

For søknadar på desse tre støtteordningane skal ein bruke dei elektronisk søknadsskjema. Lenker til desse er lagt inn over.

Tilskot til 17. maifeiringa, hovudarrangementet i dei fem tidlegare skulekrinsane (alle unnateke Nedre Surnadal). Her skal søknaden sendast til post@surnadal.kommune.no, eller per post til Surnadal kommune, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal.

 

Publisert: 10. april 2024, 13:13