No er det opna påmeldinga til UKM for Halsa, Rindal og Surnadal. Fristen for dei som vil vere med å arrangere er seinast torsdag 4. januar, medan dei som vil stille ut eller opptre må melde seg før måndag 22. januar 2018.
UKM («Ung Kultur Møtes») er ein møteplass for ungdom og kultur, der vi skal skape noko saman. Her kan du vise fram kva du brenn for, eller hjelpe andre til å bli sett. I UKM er alle kulturelle uttrykk velkomne, anten det er snakk om song, skriving, fotokunst, cosplay eller moderne dans.
Gå inn på ukm.no og GRIP SJANSEN: Meld deg på og ver med på mønstringa 3. februar!