Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tid for å fornye støttemedlemskapet

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 4. april 2023

Da er tida inne for å fornye støttemedlemskapet sitt i Todalen.no. Støttemedlemskapet kostar kroner 200,- per person per år. Dei som er registrert med e-postadresse har fått faktura for støttemedlemskap i innboksen sin ein av dei siste dagane, medan dei som ikkje er registrert med e-postadresse får faktura i posten rett etter påske.

Det er mogleg å betale støttemedlemskap på tilsendte faktura eller via vippse til 107600. Når du brukar Vipps, må hugse å skrive namn på den det blir betalt støttemedlemskap for.  

For dei som ikkje er registrert med med e-postadresse enno, kan ein gjere dette på Registrering av e-postadresse. E-postadressa vil berre bli bruka av todalen.no, og vil ikkje vere offentleg tilgjengeleg på nokon måte. 

For å drifte Todalen.no, er vi avhengige av inntekter. Eit støttemedlemskap er difor eit viktig bidrag til drifta av nettsida. Todalen.no håper difor du framleis vil vere med å støtte arbeidet vårt. 

Om du ikkje allereie er støttemedlem, men ønsker å bli det, send e-post til: Todalen.no eller vippse kroner 200,- og bli med på laget!

Først publisert: 4. april 2023, 05:00 - Sist oppdatert: 3. april 2023, 17:01