I overgangen frå vinter til vår er det tid for den årlege medlemskontingenten i Todalen idrettslag. Dette er ei viktig inntektskjelde for Todalen I.L., og er med og sikrar aktivitetane som laget driv og som er inkludert i medlemskontingenten og dermed gratis for medlemane. Ein kan berre nemna bruken av treningsstudioet «Hett & Svett», Skihytta, Tjønnmyran, anlegget på Bordholmen og mange andre ting.
Prisen for medlemskapet er også i år uendra på kr 150,- pr medlem. I medlemskontingenten ligg også forsikring av aktivitetane som går føre seg i idrettslagets regi. Derfor er det viktig å føre på namnet til medlemane som betalinga for kontingent gjeld.
Medlemskontingenten kan betalast på to måtar:
Enten brukar du Vipps eller så er det innbetaling til lagets bankkonto.
Vippsnummeret er: 550227
Bankkontonummeret er: 4025 07 00247
For begge måtar å betale på er det altså viktig at du gir opp kven du betaler for. Dette for at vi får registrere medlemane inn i Norges idrettsforbund sitt «klubbadmin» medlemsadministrasjon, slik at forsikringa blir gyldig. Dette har også betydning for idrettslaget tilførsel av kulturmidlar til drift.
Dersom nokon har spørsmål om TILs medlemskontingent, så kan dette rettast til kasserar i laget, Jenny Stensby.