Da er det tid for å fornye medlemsskapet sitt i Todalen Idrettslag. Faktura for medlemskontingenten for 2023 er no sendt ut som epost til alle med registrert epostadresse. Betalingsfristen er sett til 26. februar, og medlemskontingenten for 2023 kostar 150,- kroner for kvart medlem.
Nytt av året er at mange no får samlefaktura, det vil seie at familiar, som tidlegare fekk ein faktura for kvart medlem, no får ein faktura der alle i familien er samla på ein faktura.
Dersom du ikkje har motteke epost eller har andre spørsmål om betaling av Medlemskap Todalen IL kan du ta kontakt med Endre Talgø på telefon: 936 89 326.
Dersom du ønsker å melde deg inn i idrettslaget, kan du trykke på lenka: eller ta kontakt med Endre.
Medlemskontingenten inkluderer, mellom anna, fri bruk av alle Todalen Idrettslag sine treningstilbod, samtidig som kontingenten er ei viktig inntektskjelde for å drifte idrettslaget sine mange aktivitetar!