Det nærmar seg ein ny «moltesesong» og vi har fått ein liten rapport frå Jon Bruset, som er ein hyppig fjellvandrar, om stoda i fjellheimen. Litt tidleg er det nok enno, men etter bilda å dømme så vil det nok snart være modne molter enkelte plassar.
I sin korte rapport skriv Jon: «Det ser ut til å bli eit ujamt moltår. – På somme “rom” er det ingen ting, medan det andre plassar kanskje kan komme opp mot eit normalår. Men det gjeld å passe på, det kan snart plukkast på dei tidlegaste plassane.»