Thore er årets hovudgevinst i lotteriet til Todalen sanitetsforening. No er det innspurt på loddsalet, samtidig som laget promoterer årets julekalender, fortel Kari Kvendset, som er nestleiar i Todalen sanitetsforening. I dag treffer du Kari på Matkroken Todalen….

Årets hovudgevinst i sanitetslotteriet – dokka Thora med full garderobe. Trekning blir det i ungdomshuset 11. desember. Foto: Jon Olav Ørsal
Thora, som dokka heiter er godt utstyr med ein komplett garderobe, og er ei gåve frå Liv Jorunn Bævre Moe som har strikka og hekla heile garderoben – og til og med ein rykksekk som høyrer til. 11. desember, på eit arrangement i Todalen ungdomshus, er det altså trekkjing, og da får Thora ein heim og ein eigar. Men enno kan du altså auke vinnarsjansen med å kjøpe fleire lodd!