Arnt Erik Otnes og Frank sPoon Botten rigga seg til for takreparasjon ved Todalen kyrkje. Nokre lause steinar har forsvunne i løpet av året, og no er det på tide å få reparert dette. Arnt Erik og Frank er vaktmestrar, og dermed ansvarleg for tak og anna vedlikehald ved kyrkja.
Og tette tak er nok viktig, for trenden er da vel at det skal bli meir ekstremvêr rundt om kring oss – meir regn der det er vått frå før, og meir tørke der det er tørt frå før. Alt i dag er det meldt myrkje regn utover tysdagen og fram til kvelds.