”Godt mot” tyder ”godt møte”. Ei anna tyding er ” å ha god tru på”.
Vi tykkjer godt mot inneheld det vi vil med prosjektet vårt:
gjere bygda vår attraktiv å bu i, og å gjera kvarandre gode!
Hva er bygdemobilisering?
Målet med bygdemobilisering er å utvikle livskraftige lokalsamfunn der folk trivst og ungdom finn ei attraktiv framtid.
Satsinga skal stimulere til auka trivsel, entreprenørskap og etablering av lokale arbeidsplassar, kort sagt: Medverke til at bygda også framover blir ein attraktiv buplass. Bygdemobiliseringa er eit samarbeidsprosjekt mellom Fylkesmannen i Møre og Romsdal og entreprenørskapsprogrammet hoppid.no.
Nyheter knytta til Godt mot, Todalen

Eigedomen Sissihaug kjem snart for sal
Det er slett ikkje kvar dag at det er bustadhus til sals i Todalen. No er imidlertid tida inne, og snart kjem Sissihaug (Gardsnr. 137 bruksnr 36) på sal. Huset er bygd i 1971, og ligg i Kvennsetøran bustadfelt på ei 1200 m2 stor tomt med adresse Myrjarvegen 1.

Godt mot, Todalen, svar på søknader
Ut i frå våre mål for prosjektet Godt mot, Todalen og retningslinjer frå Fylkesmannen si landbruksavdeling, er søknadane vurderte. Svar på søknaden er no klar, og vil vera søkarane i hende neste veke. Vi beklagar at det har teke lang tid frå søknadsfrist til svar. Bygdemobiliseringsprosjektet Godt mot, Todalen har frist til 1.juni 2012, og […]

Invitasjon til begeistring i Bøfjorden
Bygdemobiliseringsprosjektet SPLEIS i Bøfjorden inviterer alle til ei uforglømmeleg helg i Grendahuset 20. og 21.januar 2012. Humørbonden Geir Styve held eit inspirasjonsforedrag fredag kveld med tema: Godt bygdeliv, begeistring og korleis møte utfordringar og motstand. Her melder Olaug Kvendset at det vil bli samkjøyring frå Todalen om det er nokon som vil vere med. Så langt har vi ein full bil, men der hadde vore artigt om fleire vart med herifrå. Møt opp på Hals klokka 18 i morgon kveld for samkjøyring, seier ho.
Les heile saka
Vellukka på Gjøra
Sist helg arrangert Fylkesmannen i Møre og Romsdal ein konferanse om bygdemobilisering i Sunndal. Her vart alle tre bygdemobilieringsprosjekta i Sunndal presentert og vertskap første dagen var Gjøra og Sunndalsporten. Eit imponerande arbeid er lagt ned av eldsjeler frå Gjøra samfunnet.
Les heile saka
Over 100 000 skal ut!
Da er det berre ein dag att til søknadsfristen for tildeling av planleggingsmidlar frå Godt Mot, Todalen går ut. Midlane går ikkje til fysiske ting som til dømes hammar og spikar, men for eksempel konsulenthjelp ved nyoppstarting av bedrift, veiledning i byggefase eller kurs og møtevirksomheit. Så her kan det kun vera fantasien som set grensene for dei som kunne tenkt seg å gjere noko for bygda og bli-lysta i Todalen.
Les heile saka
Invitasjon til konferanse
Godt mot, Todalen oppfordrar i ein epost til todalen.no til å bli med på konferanse på Sunndalsøra. Påmelding innan i morgon den 10.
Sunndal kommune har tre spennande bygdemobiliseringsprosjekt. Eit av desse har resultert i Sunndalsporten oppå Grøa
Les heile saka
Blir todalingar til hausten…
I avisa Firda er det stort oppslag over 4 sider om Karin Halle som sluttar som NHO-direktør og som flyttar til Todalen til hausten, saman med sonen Shan Allan (4). Karin har jobba som NHO-direktør i Sogn og Fjordane i 9 år, med base i Florø. Ho har tidlegare vore reiselivssjef der, og butikksjef i Vinmonopolet og har ei fartstid på rundt 20 år i nabofylket.
Les heile saka
Velkomne til Gammelskulen
Laurdag 11.desember frå kl 12.00 – 15.00 ynskjer prosjektgruppa for «Gammelskulen lokalhistoriske og fleirkulturelle senter», alle interesserte til orientering om muligheiter for framtidig bruk av Gammelskulen.
Les heile sakaForedrag frå Bygdemobiliseringskonferansen
24. og 25. september var det arrangert Bygdemobiliseringskonferanse på Stranda. I den andledning har vi no i etterkant motteke foredraga som var på konferansen. Så her kan ein oppdaterast om ein ikkje hadde høve til å stille

Workshop for ungdom
Tysdag 23.november inviteres engasjert ungdom frå heile Møre og Romsdal til ein workshop om prosjektuvikling. Invitasjonen går til all ungdom som har lyst til å starte gode prosjekt, for, av og med ungdom, i sitt lokalmiljø. Det kan vere at du eller ein gjeng frå fritidsklubben, ungdomspanelet, eller frå organisasjonen din, saknar noko i kommunen og ønskjer å få i gang noko positivt?
Les heile saka
Bli med på fotokonkurranse
Godt mot, Todalen minner om fotokonkurransen som pågår i regi av Bygdeforskning. Innleveringsfristen er satt til 1. oktober, så her er det berre å svinga seg rundt.
Les heile saka
Bli med på spennande konferanse om bygemobilisering!
GODT MOT, TODALEN minner om konferanse om bygdemobilisering i Stranda 24. – 25.september 2010. Konferansen er gratis og interesserte kan ta kontakt med GODT MOT, TODALEN v/Ragna Kvendset på tlf 48 000 144, innan 10.september.
Les heile saka