Klokken 12:00 onsdag 10. januar gjennomfører politiet og sivilforsvaret ny Nødvarsel-test på mobil og med sivilforsvaret sine varslingsanlegg over heile landet, i ein felles nasjonal varslingsprøve.
Det er politiet som sender ut test av Nødvarsel på mobil. Sivilforsvaret testar samtidig tyfonene med signalet «Viktig melding – søk informasjon».
Varslingsprøven den 10. januar blir altså gjennomført over heile landet, rundt klokka 12:00. Det betyr at mobiltelefonar i heile landet vil vibrere og spele av eit høgt lydsignal, samtidig som tyfonene ular.
Ein så omfattende varslingsprøve vil høyrast godt, spesielt der mange menneske er samla og mange einheiter vil spele av lyd samtidig. Del derfor gjerne informasjon om varslingsprøven med dine nærmeste, slik at flest moleg er førebudd og er klar over at dette berre er ein test.
Kven får testen?
Testen går ut over mobilnettet i heile landet. Alle nyare og oppdaterte mobiltelefonar og einheiter som er lokalisert i Norge og som er kobla på 4G/5G-nettet kan motta testen.
Hugs difor å oppdatere telefonen din, slik at du har den nyaste programvara frå operatøren din. Om du ikke har ein oppdatert telefon, kan det hende du ikkje mottek testen.
Mer informasjon om hvilke enheter som kan motta Nødvarsel
Dersom du ikkje ønsker å motta testen, må du sette telefonen i flymodus eller skru den heilt av i god tid før og etter klokken 12:00 onsdag 10. januar. Lydlaus, låg lyd, dempa varsling og liknnde blir overstyrt av testen.
Kvifor testar dei?
Nødvarsel på mobil blir gjennomført både for å gjere befolkninga kjent med korleis det oppleves å få et Nødvarsel og for å sikre at systemet fungerer som det skal.
I ein reell situasjon inneheld eit nødvarsel informasjon om kva som skjer, og kva du bør gjere for å beskytte deg sjølv.
Tyfonene blir testa hvert halvår, den andre onsdagen i januar og den andre onsdagen i juni. Testing av tyfonene blir gjort for å avdekke tekniske feil og for å gjere befolkningen kjent med lyden og signalet.
Signalet som blir testa under varslingsprøvene på onsdag heiter «Viktig melding – søk informasjon» og består av tre seriar med tuting med eitt minutts opphold mellom seriane. Dersom du høyrer dette signalet betyr det i praksis at du skal søke informasjon. Informasjon om kva som skjer og korleis du skal forhalde deg blir gjeve gjennom ulike media, som til dømes radio, tv, myndigheitene sine nettsider og sosiale medier.