Denne veka har Trønder-Energi drive vedlikehald av dei kunstige terkslane og hølane i Toåa. Det ansvaret er knytta til konsesjonsvilkåra for Driva kraftverk, på same måte som settefiskanlegget i Rossåa. Vi har årleg miljøtilsyn av anlegga i Toåa, men dei står godt og det har berre vore gjort små reparasjonar og justeringar denne gongen, fortel Sveinung F. Susort frå Trønderenergi til Todalen.no.

Jobben er gjort. Mikkelsen Maskin med Jon Arve Haugen ved gravemaskinspakene har gjort nokre justeringar og reparasjonar i Toåa. Foto: Jon Olav Ørsal
Elva lever sitt eige liv, og det skjer heile tida små endringar og litt errosjon. Dette rettar vi opp etter beste evne og denne veka har vi med hjelp av Mikkelsen Maskin foreteke nokre små oppgraderingar, seier Susort frå TrønderEnergi.