Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Terje vann Publikums hederspris

Elinor Bolme Laurdag 8. februar 2014

Terje Nordvik stakk i kveld av med hovedprisen under Idrettens festkveld i Surnadal Kulturhus. Vel 100 fremmøtte til Idrettsrådets arrangement var kanskje i underkant av kva arrangørane hadde håpa på, men dei som tok turen fekk bra underhaldning og prissetting av mange som hadde gjort ein innsats i dei 13 idrettslaga i Surnadal kommune 2013.

Tre prisar vart utdelt; Årets prestasjon, Årets Ildsjel og Publikums hederspris. I dei to første klassane var tre nominerte i kvar, mens i den siste fem, som vi tidlegare har omtala. Terje fekk prisen for sitt engasjement i lokalfotballen i Todalen, og ikkje minst som pådrivar for det gode sammarbeidet som Todalen IL,  IL Søya og Kvass/Ulvungen har hatt i dei seinare åra. Terje gav umiddelbart bort premiesjekken sin på 5000 kroner til laga som skal nedover på Norway Cup 2014, til bruk på pizza og brus!

Årets idsjel vart Arnhild Bergheim, for sin innsats i handballmiljøet i Surnadal Idrettslag, som både enno aktiv spelar og tidvis trenar.

Årets prestasjon var det Jorun Snekvik, Surnadal Skyttarlag som fekk, etter blandt anna sin fenomenale innsats i Lanskyttarstevnet på Oppdal 2013.

Under er eit rikhaldigt bildegalleri frå Idrettens festkveld. Alle foto ElinorB

 

 

Publisert: 8. februar 2014, 22:29