Terje Nordgarden imponerte stort med sin friluftskonsert på Todalshytta laurdag kveld. Laurdag var han på familietur til Storhaugen og det var nok skikkeleg opplading til kveldens konsert. Nordgarden entra den improviserte friluftsscena på bakken framfor Todalshytta full av energi, og eit knapt hundretals publikumarar fikk ei oppleving dei seint vil gløyme. Terje fikk god kontakt med publikum frå første stund, og fekk skikkeleg applaus som belønning.
Med sitt ”one man band” imponerte han stort med sitt gitarspel – og bruken av elektronikken i musikken handterte han profesjonelt. Så er han ikkje nokon nybegynnar heller da – Terje har turnert Europa med gitaren sin i mange år, og har no sist budd på Sicilia i 4 år. Kona og dotera Maya (3) var med på flyttelasset da han flytta attende til Noreg i januar.
Terje skrytte uhemma av todalsnaturen – har aldri opptredd i slik natur nokon gong, fortalte han. At han trivdes på scena var lett å sjå, og ekstranumra satt også lett – heile fem i talet vart det før han ga seg etter meir enn to timar med ”full guffe”.
Bildeglimt frå friluftkonserten på Todalshytta laurdag kveld. Alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal