Etter fleire rykk og napp, vart det endeleg fast fisk på kroken for Terje Kristiansen i dag. Det skjedde i Tømmermelhølen og når den kom på vekta viste den 6 kg – det som var spesielt med denne laksen er at den er fettfinneklipt, og det vil seie at den er produsert ved Rossåa settefisk og sannsynleg vis sett ut i Toåa for eit par år sia. Det var ein hofisk på 85 cm som altså vart teken på flue i Tømmermelhølen.
Tilsaman er det no kome i land 4 laksar – den første dagen vart det ein på 3,5 i skjorahølen og ein på 5 kg i raudåhølen. Onsdag er det teke to så langt kl 19.30 – ein på 5 i Raudåhølen og altså ein på 6 kg i Tømmermelhølen.
No er det lettare vêr, og dermed vil nok vassføringa gå ned litt og temperaturen opp – det skal egentleg love god for laksebettet mot helga, og da blir det nok også fleire fiskarar å finne langs elvekantane.